Buldrekonkurranse!

24/1/2014

 
Picture
Hei alle klubbens medlem!

Fredag 31. januar blir det buldrekonkurranse i hallen. Konkurransen er for alle av klubbens medlem, og det er heilt gratis! Dette kjem til å bli ein super ettermiddag der me har det gøy, pluss at ein får testa ut konkurranse-instinktet.

Påmelding til konkurransen frå kl 17:00. Konkurransen startar kl. 18:00. Det blir tatt nødvendig informasjon på reglar og gjennomføring før start. Det blir også finaleruter, slik at me kan kåre topp tre i klubben. Kanskje vankar det premiar?

Vel møtt!